Pål sine høner

Song med vokal
Song uten vokal

Pål sine høner på haugen utsleppte,
hønen’ så lett over haugane sprang.
Pål kunne vel på hønom fornemma:
reven var ute med rumpa så lang.
Klukk, klukk, klukk, sa høna på haugom.
Klukk, klukk, klukk, sa høna på haugom.
Pål han sprang og rengde med augom:
No tor’ eg ikkje koma heim åt ho mor!

Pål han gjekk seg litt lenger på haugen,
fekk han sjå reven låg på høna og gnog.
Pål han tok seg ein stein uti neven,
dugleg han då til reven slo.
Reven flaug så rova hans riste.
Reven flaug så rova hans riste.
Pål han gret for høna han miste;
No tor’ eg ikkje koma heim åt ho mor!

Hadd’ eg no nebb og hadd’ eg no klo,
og visste eg berre kor revane låg,
skulle eg dei både rispe og klore
framantil nakken og bak over lår.
Skam få alle revane raude!
Skam få alle revane raude!
Gjev det var så vel at dei alle var daude,
så skull’ eg trygt koma heim åt ho mor.

Ikkje kan ho verpe, og ikkje kan ho gala,
ikkje kan ho krype, og ikkje kan ho gå.
Eg får gå meg åt kverna og mala
og få att det mjølet eg miste i går.
Men pytt! sa’n Pål, eg er ikkje bangen.
Men pytt! sa’n Pål, eg er ikkje bangen,
kjeften og motet har hjelpt no så mangein,
eg tor’ nok vel koma heim åt ho mor!

Pål han kornet på kverna til å sleppe
så at det ljoma i kvar ein vegg,
så at agnene tok til å flyge,
og dei vart lange som geiteragg.
Pål han gav seg til å le og til å kneggje.
Pål han gav seg til å le og til å kneggje.
No fekk eg like for høna og for egget,
no tor’ eg trygt koma heim åt ho mor!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *