No tenner vi det første lys

1
No tenner vi det første lys,
åleine må det stå.
Vi ventar på det vesle barn
i krubba lagt på strå.

2
No tenner vi det andre lys,
dei står der stilt og skin.
Vi ventar på at Gud, vår Far,
vil senda Sonen sin.

3
No tenner vi det tredje lys,
det er eit heilagt tal.
Vi ventar på at Kongen vår
skal fødast i ein stall.

4
No tenner vi det fjerde lys
og natta vert til dag.
Vi ventar på ein Frelsarmann
for alle folkeslag.

One Response to “No tenner vi det første lys”

  1. Per Ove Osnes

    Framleis ein kjær song i ventetida. Kjekt å finne nynorske tekstar på nettett.

    Svar

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *