Kveldssong for deg og meg

Forfattar: Ragnar Hovland    Komponist: Odd Nordstoga
Song med vokal
Song uten vokal

Grisen står og hyler
i den stille kveld.
(Han skal ikkje slaktast
men hyler likevel.)

Fir’og tjue kråker
sit på ein madrass
Endå ei vil sitje
men det er ikkje plass.

Månen står og lyser,
rund og feit og kvit.
Reven Kjem frå skogen
og luskar hit og dit.

Fiskane i havet,
søv og drøymer søtt.
Nøkken nedi tjernet
har eg aldri møtt.

Mor og far har lagt seg.
Eg er vaken, eg.
No klatrar eg ut glaset,
Så springer eg bort til deg.

Mens grisen står og hyler
og månen lyser kvit.
Sit do og eg på taket
og ler og pratar skit.

Mens grisen står og hyler
og månen lyser kvit.
Sit do og eg på taket
og ler og pratar skit.

One Response to “Kveldssong for deg og meg”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *