Eg gjekk meg over sjø og land
Eg  gjekk  meg  over  sjø  og  land,
då  møtte  eg  ein  gamal  mann.
Han  spurde  så  han  sa’e  så:
«Kor  høyrer  du  vel  heime?»
Eg  høyrer  heime  i  trampeland,
i  trampeland,  i  trampeland,
og  alle  dei  som  trampa  kan,
dei  høyrer  heime  i  trampeland.
Eg  gjekk  meg  over  sjø  og  land,
då  møtte  eg  ein  gamal  mann.
Han  spurde  så,  han  sa’e  så:
«Kor  høyrer  du  vel  heime?»
Eg  høyrer  heime  i  hoppeland,
i  hoppeland,  i  hoppeland,
og  alle  dei  som  hoppa  kan,
dei  høyrer  heime  i  hoppeland.
Eg  gjekk  meg  over  sjø  og  land,
då  møtte  eg  ein  gamal  mann.
Han  spurde  så,  han  sa’e  så:
«Kor  høyrer  du  vel  heime?»
Eg  høyrer  heime  i  vinkeland,
i  vinkeland,  i  vinkeland,
og  alle  dei  som  vinka  kan,
dei  høyrer  heime  i  vinkeland.
Eg  gjekk  meg  over  sjø  og  land,
då  møtte  eg  ein  gamal  mann.
Han  spurde  så,  han  sa’e  så:
«Kor  høyrer  du  vel  heime?»
Eg  høyrer  heime  i  klappeland,
i  klappeland,  i  klappeland,
og  alle  dei  som  klappa  kan,
dei  høyrer  heime  i  klappeland.
Finn  på  fleire  vers  sjølv!
 
                        
Legg att eit svar